P R O L O G

til hundreårsfesten for Tasta skule

              7. oktober 1953.

Av lærarinne Jofrid'Aamot.

Det rusla frå gard til gard ein mann
med ransel på rygg og tine i hand.
Hans yrke var kunnskap å gjeva
til dei som i vankunna streva.
Hans nakke var bøygd og krokut hans rygg,
og ofte han hinka på foten.,
Mange var dei som sa han var stygg
og lo og var leie mot'n.
Men sat han på krakken, godlynd og brei,
med borna i krans ikring bordet,
då opna han boka og tolka for dei
det rike, levande ordet.
Då stogga ho rokken, ho besta i krå,
og lydde med augo blanke.
Gamlefar gløymde la arbeidet gå,
for anna tok sinn og tanke.
Då skein det som sol inn i nattmørke hug
når utsyn dei fekk over verda,
at kunnskap er vegen til framgang og dug,
og lærdom, det trengst på livsferda.
Visst var nok den lærdommen stundom litt rar
når «skulen» tok feil uti læra.
Men likevel tykte dei: Dette er kar
som fram slik ein visdom kan bera.
— — Men tidene skifte. Til landet her nord
kom straumdrag frå framande strender.
No høvde det ikkje med krakkar kring bord
og skulen på omgang i grender.
Krava var auka. Det var ikkje nok
å stava seg fram i Pontoppidans bok
og salmevers ramsa for resten.
No skulle ein skriva og rekna dertil,
og lesa så fort i den tjukke postill
at mest ein tok luven for presten.
— — Skal alt dette lærast, så trengst det ein stad
der skulen kan dagleg seg hyggja,
sa godtfolk i bygda, og difor dei bad
at no ein eit hus måtte byggja,
eit hus der elevar og lærar i lag
seg fritt kunne snu under sjølveige tak
og ingen til ulempa vera.
— Og huset vart bygt, om det ikkje var stort.
Slett ikkje det ruvde i bygda.
Men lat oss kje gløyma: Det første var gjort
til kunnskapens livsrett å trygda.
Det låg der i Lunden, og vart som ein heim
for borna som dagleg der vanka.
Og sikkert det var nok mange av deim.
som kjærleg bar skulen i tankar.
Som vaksne kanhende frå heimen det bar
til framande land ut i verda.
Rett ofte til lukke og signing då var
den lærdom dei tok med på ferda.
— — — —
Tru kva han tenkte, Gustav skulerneister,
som der i vesle skulestova gjekk,
om no han såg det store hus som reist er,
og om ein morgon no han skoda fekk
den store bar:neflokk som driv og leikar
med liv og lyst kring på det vide tun?
Enn om han kunne helsa på den lærarlyd som reikar
der att og fram i stova, romsleg, lys og lun?
Tenk om han høyrde radioen låta
og såg ein lydfilm i vårt kinorom!
For han det stod rett som ei veldig gåta
mot farne tiders skulespel — salmodikon.
Ja, framstega er mange, dei er store.
Det må me sanna nokon kvar.
Oppfinningar av alle slag er gjorde.
Difor og vårt skulepensum auka har.
No er det ikkje nok å kunna skriva
og lesa så det ryk i vanleg bok.
Nei no skal helst så langt ein driva
at guten kan på allting vera klok,
frå kjernen i det ørvesle atomet
som sviv i alt vår.skapar livsrom gav,
til stjerna i det endelause himmelromet
og alt som rører seg i djupe kav.

— — — Men — kanskje og den gamle skulerneister
fann ting han kunne møta med kritikk.
Det kunne henda at han fann det best er
med farne tider og den gode gamle skikk.
Vel er det bra at fin er ytre råma,
at skulen han er ven og uneleg,
så borna som der inn no kan få koma,
kan kjenna der er gildt og heimeleg.
Men lat oss alle også jamleg minnast
at ikkje der det ruver mest av stort og gildt
den reine, sanne gleda alltid finnast.
— Nei, lukka er å vera nøgd om ein har lite
og sjå det store i det små.
Dei gamle måtte ofte slepe, slite,
for slik var kåra for dei fleste då.
Men når dei retta ryggen og frå arbeid kvilde,
då vende dei mot høgheimen sitt sinn.
Dei visste jordelivet som ein vindpust ville
seg te mot det dei møtte når i æva dei steig inn.
Dei gamle sanningar, dei må me aldri gløyma,
men og ta med det beste av alt nytt,
så tradisjonen gjennom alt får strøyma
og fortid, notid kan bli samanknytt,
så federne sin store røyndom for oss kan vera rettesnor
når me vil finna livsens løyndom
og meininga med livet her på jord.
— Og lat det vera målet for oss alle
som mellom born har fått vårt arbeidsrom
— for mor og far, for lærarinne — lærar
ja, kvar som vera vil ein god oppsedar:
Å gjera borna dugande til livet her i verda
og læra dei å elska heim og fedreland,
men mest av alt, å langt me berre rekk og kan,
av ein og kvar ein ævelivsens himmelborgar gjera.

(Denne prologen er "lånt" fra jubileumskriftet
Tasta Skule 1853-1953.
)