Prolog til hundreårsfesten for Tasta skule av Jofrid Aamot


PROLOG
til hundreårsfesten for Tasta skule

7. oktober 1953.

Av lærarinne Jofrid’Aamot.

Det rusla frå gard til gard ein mann
med ransel på rygg og tine i hand.
Hans yrke var kunnskap å gjeva
til dei som i vankunna streva.
Hans nakke var bøygd og krokut hans rygg,
og ofte han hinka på foten.,
Mange var dei som sa han var stygg
og lo og var leie mot’n.
Men sat han på krakken, godlynd og brei,
med borna i krans ikring bordet,
då opna han boka og tolka for dei
det rike, levande ordet.
Då stogga ho rokken, ho besta i krå,
og lydde med augo blanke.
Gamlefar gløymde la arbeidet gå,
for anna tok sinn og tanke.
Då skein det som sol inn i nattmørke hug
når utsyn dei fekk over verda,
at kunnskap er vegen til framgang og dug,
og lærdom, det trengst på livsferda.
Visst var nok den lærdommen stundom litt rar
når «skulen» tok feil uti læra.
Men likevel tykte dei: Dette er kar
som fram slik ein visdom kan bera.
— — Men tidene skifte. Til landet her nord
kom straumdrag frå framande strender.
No høvde det ikkje med krakkar kring bord
og skulen på omgang i grender.
Krava var auka. Det var ikkje nok
å stava seg fram i Pontoppidans bok
og salmevers ramsa for resten.
No skulle ein skriva og rekna dertil,
og lesa så fort i den tjukke postill
at mest ein tok luven for presten.
— — Skal alt dette lærast, så trengst det ein stad
der skulen kan dagleg seg hyggja,
sa godtfolk i bygda, og difor dei bad
at no ein eit hus måtte byggja,
eit hus der elevar og lærar i lag
seg fritt kunne snu under sjølveige tak
og ingen til ulempa vera.
— Og huset vart bygt, om det ikkje var stort.
Slett ikkje det ruvde i bygda.
Men lat oss kje gløyma: Det første var gjort
til kunnskapens livsrett å trygda.
Det låg der i Lunden, og vart som ein heim
for borna som dagleg der vanka.
Og sikkert det var nok mange av deim.
som kjærleg bar skulen i tankar.
Som vaksne kanhende frå heimen det bar
til framande land ut i verda.
Rett ofte til lukke og signing då var
den lærdom dei tok med på ferda.
— — — —
Tru kva han tenkte, Gustav skulerneister,
som der i vesle skulestova gjekk,
om no han såg det store hus som reist er,
og om ein morgon no han skoda fekk
den store bar:neflokk som driv og leikar
med liv og lyst kring på det vide tun?
Enn om han kunne helsa på den lærarlyd som reikar
der att og fram i stova, romsleg, lys og lun?
Tenk om han høyrde radioen låta
og såg ein lydfilm i vårt kinorom!
For han det stod rett som ei veldig gåta
mot farne tiders skulespel — salmodikon.
Ja, framstega er mange, dei er store.
Det må me sanna nokon kvar.
Oppfinningar av alle slag er gjorde.
Difor og vårt skulepensum auka har.
No er det ikkje nok å kunna skriva
og lesa så det ryk i vanleg bok.
Nei no skal helst så langt ein driva
at guten kan på allting vera klok,
frå kjernen i det ørvesle atomet
som sviv i alt vår.skapar livsrom gav,
til stjerna i det endelause himmelromet
og alt som rører seg i djupe kav.

— — — Men — kanskje og den gamle skulerneister
fann ting han kunne møta med kritikk.
Det kunne henda at han fann det best er
med farne tider og den gode gamle skikk.
Vel er det bra at fin er ytre råma,
at skulen han er ven og uneleg,
så borna som der inn no kan få koma,
kan kjenna der er gildt og heimeleg.
Men lat oss alle også jamleg minnast
at ikkje der det ruver mest av stort og gildt
den reine, sanne gleda alltid finnast.
— Nei, lukka er å vera nøgd om ein har lite
og sjå det store i det små.
Dei gamle måtte ofte slepe, slite,
for slik var kåra for dei fleste då.
Men når dei retta ryggen og frå arbeid kvilde,
då vende dei mot høgheimen sitt sinn.
Dei visste jordelivet som ein vindpust ville
seg te mot det dei møtte når i æva dei steig inn.
Dei gamle sanningar, dei må me aldri gløyma,
men og ta med det beste av alt nytt,
så tradisjonen gjennom alt får strøyma
og fortid, notid kan bli samanknytt,
så federne sin store røyndom for oss kan vera rettesnor
når me vil finna livsens løyndom
og meininga med livet her på jord.
— Og lat det vera målet for oss alle
som mellom born har fått vårt arbeidsrom
— for mor og far, for lærarinne — lærar
ja, kvar som vera vil ein god oppsedar:
Å gjera borna dugande til livet her i verda
og læra dei å elska heim og fedreland,
men mest av alt, å langt me berre rekk og kan,
av ein og kvar ein ævelivsens himmelborgar gjera.

(Denne prologen er «lånt» fra jubileumskriftet
Tasta Skule 1853-1953.)

Flere artikler fra samme kategori: Lektyre

  • 4O ÅR PÅ TASTA SKOLE av Kari Ruud Torgersen

    Året var 1959. Et nytt skoleår sto for døren, og som nyutdannet 23-årig lærer fra Hedemarken, var jeg klar til å” erobre” det pedagogiske landskap. Lite ante jeg da at min yrkeskarriere kom til å strekke seg over 40 gilde og meningsfylte år ved Tasta skole. Dette var i årene da vi kunne skalte...

    Les Mer

  • ”Sabben, Sabba –Tønnes” og Sabbadalen!!! av Jan k. Torgersen

    Kan hende det er flere ”Tasta-buer”, ja andre turgåere med, som har liten eller ingen kjennskap til navnet Sabbadalen. Følger en Vølstadveien til endes, til turstien mellom Lille- og Store Stokkavannet er du i Sabbadalen . Den ligger nærmest i sydøst – nordvest retning. Dalen er fruktba...

    Les Mer

  • Dei sju Takle-jentene på Tasta av Takle søstrene

    Dette er et hefte på 65 sider, så vi har derfor valgt å legge det ut som et nedlastingsdokument. Trykker man på Bokmerker i margen på dokumentet kan man gå til den enkelte av søstrenes historie.

    Les Mer

  • En reise til røttene av Merete Skeibrok

    ekk om det er gitt ut bygdebøker fra stedet dine foreldre eller besteforeldre kommer fra. De kan gi deg masse nyttig informasjon, og det er enkelt å grave seg bakover i tiden. Slektsforskning blir en stadig mer populær hobby, også blant unge folk. Det er ikke rart, det e...

    Les Mer

  • Båring or bjutiful? av Merete Skeibrok

    Vi fra Tasta går stille i dørene. Det er liksom ikke noe stas å komme fra Tasta. Vi er på en måte Stavangers underdogs. Det er nesten som å komme fra Kvernevik: En ven...

    Les Mer

  • Tasta-viså av Martin Motland

    Tasta-viså Skrevet av Martin Motland i 1934 Melodi: Fjellveivisen Her på Tasta kan du tru, det e' skoie te å bu den så kjeme her e' ikkje idla faren. Du kan leva uden frykt,du kan sova ganske tygt,

    Les Mer

  • Grønne småjevlar! av Arne Finnestad

    "Grønne småjevlar!" Fra barndommen. Det e' ei stonn siden eg skreiv "Stikkrennå" nå, så det e' kansje på tide å fortella koffer det skremde livlorten or meg då eg trudde at ty...

    Les Mer

  • STIKKRENNÅ! av Arne Finnestad

    Det e' lenge siden krigen nå, det blei feira sekstiårsdag for D-dagen nå i sommar. Det e'kje lenger någen så spørr ka foreldrene eller besteforeldrene gjore på onna krigen, -men det e' jo 'kje lenger någen å spørr heller. Iallefall e' det ingen så komme te å spør ka eg gjore på, eg va'...

    Les Mer

  • En rusletur langs Tasta-stranden. Juli 1970 av Georg Danielsen

    FRA DUSAVIKVEIEN svinger en ny vei med velfriserte ene boliger og pene hager ned til stedet. På en fylling har veien tatt (Trykk på tegningene for større versjon) seg en pust i bakken - bokstavelig talt - og venter på et nytt framstøt langs stranden. For...

    Les Mer

  • Tasta skole i hundreogfemti! av Tore Lisen Børresen

    Det var i 1827 at vi her i landet fikk en lov om ”almueskoler på landet ”. Da ble det bestemt at en skulle ha en fast skole i hver kommune, og ellers omgangsskoler i hvert skoledistrikt. Den faste skolen i Hetland kommune ble bygd på Blåsenborg. Ellers ble det holdt skole på de forskjellige gå...

    Les Mer

  • Brev fra krigen! av Berit M. Grande

    Brevet fra krigen. Først fikk jeg telefon fra Jan K. Torgersen, leder av Tasta historielag. Deretter fulgte en e-post, og med den et vedlegg. Plutselig satt jeg i 2012 med et brev fra mormor i fanget! Brevet var datert Solhaug 14. desember 1942, nesten 10 år før jeg se...

    Les Mer

  • Store Stokkavatn som rekreasjonsområde av Inge Bø

    Med innslag av nostalgiske gutteaktiviteter Gleder året rundt Med ’Store Stokkavatn’ tenker jeg først og fremst på selve vatnet, men også på området rundt. Ikke minst tenker jeg på Golfbanen, Eskelandsskogen, Dyrsnes, Sundemarka og turstien. Selve vat...

    Les Mer