Hundreårsfesten til Tasta skule


P R O L O G
til hundreårsfesten for Tasta skule

7. oktober 1953.

Av lærarinne Jofrid’Aamot.

Det rusla frå gard til gard ein mann
med ransel på rygg og tine i hand.
Hans yrke var kunnskap å gjeva
til dei som i vankunna streva.
Hans nakke var bøygd og krokut hans rygg,
og ofte han hinka på foten.,
Mange var dei som sa han var stygg
og lo og var leie mot’n.
Men sat han på krakken, godlynd og brei,
med borna i krans ikring bordet,
då opna han boka og tolka for dei
det rike, levande ordet.
Då stogga ho rokken, ho besta i krå,
og lydde med augo blanke.
Gamlefar gløymde la arbeidet gå,
for anna tok sinn og tanke.
Då skein det som sol inn i nattmørke hug
når utsyn dei fekk over verda,
at kunnskap er vegen til framgang og dug,
og lærdom, det trengst på livsferda.
Visst var nok den lærdommen stundom litt rar
når «skulen» tok feil uti læra.
Men likevel tykte dei: Dette er kar
som fram slik ein visdom kan bera.
— — Men tidene skifte. Til landet her nord
kom straumdrag frå framande strender.
No høvde det ikkje med krakkar kring bord
og skulen på omgang i grender.
Krava var auka. Det var ikkje nok
å stava seg fram i Pontoppidans bok
og salmevers ramsa for resten.
No skulle ein skriva og rekna dertil,
og lesa så fort i den tjukke postill
at mest ein tok luven for presten.
— — Skal alt dette lærast, så trengst det ein stad
der skulen kan dagleg seg hyggja,
sa godtfolk i bygda, og difor dei bad
at no ein eit hus måtte byggja,
eit hus der elevar og lærar i lag
seg fritt kunne snu under sjølveige tak
og ingen til ulempa vera.
— Og huset vart bygt, om det ikkje var stort.
Slett ikkje det ruvde i bygda.
Men lat oss kje gløyma: Det første var gjort
til kunnskapens livsrett å trygda.
Det låg der i Lunden, og vart som ein heim
for borna som dagleg der vanka.
Og sikkert det var nok mange av deim.
som kjærleg bar skulen i tankar.
Som vaksne kanhende frå heimen det bar
til framande land ut i verda.
Rett ofte til lukke og signing då var
den lærdom dei tok med på ferda.
— — — —
Tru kva han tenkte, Gustav skulerneister,
som der i vesle skulestova gjekk,
om no han såg det store hus som reist er,
og om ein morgon no han skoda fekk
den store bar:neflokk som driv og leikar
med liv og lyst kring på det vide tun?
Enn om han kunne helsa på den lærarlyd som reikar
der att og fram i stova, romsleg, lys og lun?
Tenk om han høyrde radioen låta
og såg ein lydfilm i vårt kinorom!
For han det stod rett som ei veldig gåta
mot farne tiders skulespel — salmodikon.
Ja, framstega er mange, dei er store.
Det må me sanna nokon kvar.
Oppfinningar av alle slag er gjorde.
Difor og vårt skulepensum auka har.
No er det ikkje nok å kunna skriva
og lesa så det ryk i vanleg bok.
Nei no skal helst så langt ein driva
at guten kan på allting vera klok,
frå kjernen i det ørvesle atomet
som sviv i alt vår.skapar livsrom gav,
til stjerna i det endelause himmelromet
og alt som rører seg i djupe kav.

— — —

Men — kanskje og den gamle skulerneister
fann ting han kunne møta med kritikk.
Det kunne henda at han fann det best er
med farne tider og den gode gamle skikk.
Vel er det bra at fin er ytre råma,
at skulen han er ven og uneleg,
så borna som der inn no kan få koma,
kan kjenna der er gildt og heimeleg.
Men lat oss alle også jamleg minnast
at ikkje der det ruver mest av stort og gildt
den reine, sanne gleda alltid finnast.
— Nei, lukka er å vera nøgd om ein har lite
og sjå det store i det små.
Dei gamle måtte ofte slepe, slite,
for slik var kåra for dei fleste då.
Men når dei retta ryggen og frå arbeid kvilde,
då vende dei mot høgheimen sitt sinn.
Dei visste jordelivet som ein vindpust ville
seg te mot det dei møtte når i æva dei steig inn.
Dei gamle sanningar, dei må me aldri gløyma,
men og ta med det beste av alt nytt,
så tradisjonen gjennom alt får strøyma
og fortid, notid kan bli samanknytt,
så federne sin store røyndom for oss kan vera rettesnor
når me vil finna livsens løyndom
og meininga med livet her på jord.
— Og lat det vera målet for oss alle
som mellom born har fått vårt arbeidsrom
— for mor og far, for lærarinne — lærar
ja, kvar som vera vil ein god oppsedar:
Å gjera borna dugande til livet her i verda
og læra dei å elska heim og fedreland,
men mest av alt, å langt me berre rekk og kan,
av ein og kvar ein ævelivsens himmelborgar gjera.

 

Historisk oversyn.
Av Johannes Hovda
Det er ei sværande sterk utvikling skulen har hatt her i landet i dei siste humdre åra. Nå er ikkje hundre år så serleg lang tid, men i denne tida har landet vårt gått fram reint utruleg både materielt og kulturelt. Ikkje minst syner denne framgangen att på skulen. I 1827 fekk me ein lov om «almueskoler på landet». Der var det fastsett at det skulle vera minst ein fast skule i kvar kommune og ellers skulle det vera omgangsskular i kvart skuledistrikt.

I Hetland vart det då bygt fast skule på Blåsenborg som fram til 1849 låg i Hetland. Elles vart skulen halden kring i stovene i bygda, som oftast frå ein dag til ei veke på kvar stad. Alt det materiell som høyrde skulen til bar læraren med seg frå stad til stad. Ofte var det ikkje meir enn eitt varmt rom i huset – daglegstova – og ein kan då skjøna at folket i huset kunne ikkje røma or stova om skulen kom. Dei laut vera inne med alt sitt styr og stell, så det var ikkje alltid så stilt i skuleromet. Då den faste skulen på Blåsenborg vart dregen inn i byen, laut Hetland få seg ny fast skule.

I møteboka for Hetland formannskap står det då: År 1851 den 14. Desember var efter foregående bekjendt et Repræsentantskabsmøde avholdt for Frue Sogn på sædvanligt Sted. Formendene møtte ligeså og Repræsentantene undtagen Osmund Pedersen, følgende Sager blev behandlet. 1. Andgående en fast Skole i Sognet – med 10 mod 4 Stemmer fattedes følgende Beslutning: Der oprettes en fast Skole i Tasta Skoledistrikt hvortil Gårdsparten Lunden indkiøbes og til Kiøbesummens udredelse optages et Lån stort 600 Spd. hvoraf Renter og Afdrag utredes af Skolekassen halvdelen af bemeldte Jordebrug.

For dette Lån skal stilles som Pant den indkiøpte Gårdspart med påstående Huse og til og underliggende Herligheder. Ordføreren bemyndiges til i henhold til ovenstående Beslutning at ansøge at dette Lån måtte erholdes af Oplysningsvæsenets Fund.» Skjøte underskrive 14/7 1852. 650 Spd. Ordførar var Asser Jaatten.

Skulen var ferdig 1853. Dette huset stod derborte som huset til styraren står nå til 1892. I 1891 løyvde heradstyret 1400 kroner til bygging av nytt skulehus på Tasta og med eit klasserom til. I 1893 vart som etterskot løyvt kr. 300,-. Skulestyret gjorde i 1892 vedtak om tilsynet skulle avgjera kor den nye skulen skulle byggjast og det vart då fastsett at skulen skulle flyttast 75 meter sydvest frå det gamle huset. Der var grunnen mykje turrare, og der var det råd med så mykje betre tomleplass for borna. Dette vedtaket er underskrive av Kasper Eskeland, Einar Larsen, Gabriel Byberg og Nils Ommundsen.

Landet fekk ny skulelov 1860, og så berre 29 år seinare lova av 1889. Etter den tida vart det bygd mange nye skulehus kring i landet. Og likeeins mange nye bustader åt lærarane. I dei fleste kommunane vart lærarbustaden bygd saman med skulehuset. Etter lova skulle bustaden vera på minst 2 rom og kjøken; men det eine romet vart ofte så lite at det var lite mon i det. I HetIand vart lærarbustadene bygde for seg sjølv eit lite stykke frå skulen. Læraren fekk då rådvelde over eit heilt hus, og om det ikkje nett var så stort, så var det då ein utifrå gild bustad samanlikna med dei som var bygde saman med skulen. I 1901 vart løyvt pengar til nytt hus på Tasta og i 1904 til ny løebygning. Renter av lån til løa skulle læraren svara for. Det var den vanlege måten med slike lån.

I 1909 kom det til heradstyret framlegg frå skulestyret om å løyva 2000 kroner til ein fløybygning til skulehuset som då var forlite. Heradstyret løyvde pengane. Året 1917 låg det så føre søknad frå skulestyret om heil ombygging av skulen. Heradstyret løyvde 19,000 kroner til nytt skulehus og valde til byggenemnd Thorvald Wølstad, B. P. Høie og T. Lye. Det gamle huset vart selt til Randaberg, som nytta det til rom åt framhaldsskulen.

Det huset som den gongen vart bygt på Tasta er det same som står der ennå med eit grand ombygging og tilbygging for omlag 3 år sidan

I 1920 vart det løyvt pengar til bygging av bustad til 2 lærarar og 1 lærarinne, og på same tid vart det kjøpt ein jordteig på bortimot 6 1/2 mål av L. B. O. Eskeland til lærarjord åt desse. Dei to lærarane fekk 3 mål kvar og lærarinna resten – 350 kvadratmeter.

Framover frå 1800 talet tok dei gjerne til lærar slike som hadde kroppsfeil så dei ikkje dugde så godt til kroppsarbeid. Som døme kan ein nemna at dei i Årdal hadde ein lærar med ei lam hand med eit stygt ope sår på. Han var glup til å halda disiplin, sa dei, for han berre kom med den lame handa og truga med å klina uhæma på dei or såret så snart han merka den minste uro. Borna sat då murstille og skalv av redsle.

I Hetland var lærarløna i 1818, 8 spesidalar for året – 32 kroner. Løna skulle greiast ved at kvar gardbrukar skulle svara 10 skilling – 33 øre – om året og kvar husmann 4 skilling – 13 øre. Attåt dette fekk lærarane kost og hus i skuletida i dei husa der dei heldt skulen.

Bispen klaga at det var uråd å få laglege lærarar for den løna. Seinare vart løna sett til 20 dalar – 80 kroner om året. Det var ikkje greitt for lærarane å leva av slik løn. Dei laut pusla med eitt eller anna attåt. Kunne dei, så hjelpte dei til på gardane i onnene og hadde då kosten og stundom litt løn attåt. I skuletida pusla dei og ofte med småarbeid. Når dei hadde fått borna i gang med å lesa høgt, så arbeidde læraren med skolapping, med å arbeida tresko eller treskeier som dei bruka den tida. På den vis tente dei ofte nokre skillingar utanom løna.

For hundre år sidan var løna komen opp i 1 spd. for skuleveka og kost og hus i skuletida for læraren eller, 1 spd. for veka i kostpengalr. I 1890 åra vart så lærarløna i Hetland rekna etter 12 kroner for veka i storskulen og 8 kr. for småskulen og 4 kr. veka i kostpengal. Hadde då ein lærar så fin ein post som 36 veker storskule, kunne han koma opp i ei løn av 676 kroner om året før han fekk alderstillegg på 50 kroner etter 4 – 8 – 12 og 15 år. Sidan har lønene kome seg etter kvart. I 1913 var vekeløna komen opp i 24 kr. og 19 kr. i stor- og småskulen, men det året vedtok soknestyret 4 kommunale tillegg på 75 kr. Og 50 kr. i stor- og småskule. I krigs åra 1914-1918 og mange år framover vart det etterkvart dyrt å leva. Men staten auka ikkje løna tilsvarande. Men i Hetland la dei i denne tida monaleg på lønene så dei i lange tider låg høgt over lågmålet.

Etter som tida gjekk fram og lønene vart betre, steig og kravet om større dugleik hjå lærarane. For hundre år sidan og frametter valde gjerne presten ut nokre av dci heste konfirmantane og sette dei til å vera lærarar, Men sidan fekk me eittårige «lærarskular» og toårige statsseminar. Av dei 9 lærarar i HetIand prestegjeld kring 1870 var det berre 2 som var seminaristar, dei andre var utdana ved «lærarskulen». Men dette var likevel sers bra, for på den tid var det mange lærarar innover bygdene som berre hadde lese hjå presten nokre veker eller hjå klokkaren som oftast var seminarist. Sidan vart seminariet kalla lærarskrue og vart treårige, og nå er dei fireårige.

Søknaden til skulen var heller ikkje så bra for hundre år sidan, ja langt utover etter den tida. Mange av foreldra hadde så mykje anna arbeid dei skulle nytta barna til, så det vart ofte lite tid til skulegonga. Ved eksamen som presten heldt i skulen kring i dei ymse skuledistrikt heiter det ofte om borna: «Forsømmer Skolen», eller «Faderen vil ikke lade ham gå». «Foreldrene tillader ham ei at gå». – «Foreldrene ligegyldige». – Dette var frå Tasta i 1846. Stundom var og fattigdomen mykje skuld i forsøminga. Frå eit «distrikt» i Hetland heiter det ved skuleeksamen: «Forsømmer Skolen, må tjene for sit Brød», eller «Mangler Klæder» eller «Bortsatt av Fattigkommisjonen. Fattigkommisjonen ligegyldig om hans Skolegang». I 1859 heiter det om ein gut på Tasta: «Forsømmer Skolen. Yderst fattig». Men dette bestna eit grand etter kvart. I 1867 skreiv presten Gedde under eksamen på Tasta: – – «det antages dog at skoleforsømmelserne ere i Aftagende».

Til Tasta skoledistrikt høyrde for 100 år sidan både Tasta, Stokka og Tjensvoll. I 1854 var det 105 born som sokna til Tasta. Av desse var det 30 som ikkje møtte fram til eksamen. Kva gardar desse barna høyrde heime på, kan ein ikkje veta. leksamensprotokollen heiter det berre sen eller datter – aldri gardsnamn. I 1859 var barnetalet 101. I eksamensprotokollen har presten Dietrichson skrive at «på Grund af den mengde Barn måtte Eksamen i den underste avdeling udsættes til neste dag». Same året vart det halde eksamen på Stokka. I 1861 var barnetalet 123. Presten Bergersen heldt eksamen 1870. Då var barnetalet 100. Nå er barnetalet 333.

Etter skulelova av 1827 skulle det vera opplæring i religion, lesing, skriving og rekning. Lova av 1860 kravde og opplæring i soge, geografi og naturkunne. Sjølvsagt vart det ikkje opplæring i desse faga alle stader dei første åra avdi ikkje alle lærarane hadde lært stort sjølv av dette. «Ken sko tenkt,» sa ein gamal lærar i Ryfylke ein stad for ikring 50 år sidan då han skulle fortelja barna litt om elektrisitet, – «Ken sko tenkt når ein gjekk forbi alle desse fossane at dei var pikka fodle av elektrisitet».

Og så hadde dei eit fag som heitte «forstandsøvelse». Borna i skulen på Tasta får jamt vellæte i dette faget. Men i ein annan krins i Hetland seier presten Magnus Gjøri i 1863 om «Forstandsøvelse»: «Børnene var upåklagelige, men læreren røbede intet Greb på denne Øvelse».

I 1891 var Thore Andreas Gilje lærar på Tjensvoll. Han tok det året til med arbeidsskule for gutar. Pengar til verkty og sløydbenker badde han samla inn i krinsen. Seinare løyvde heradstyret pengar til opplæring i handarbeid for både gut ar og gjenter. Sløydromet i Tasta vart i eit tilbygg -liksom ein skut i øvre enden av skulehuset. Frå 1919 fekk gjentene skulekjøkenopplæring. Skulekjøkenet på Tasta vart i kjellaren i nedre enden av skulen.

Når ein tenkjer på skulen før midten av hundreåret som for, lyt ein helst undra seg over at det likevel kring i bygdene var så vidt mange folk med tolleg bra kunnskap. Alle kunne lesa og rett mange kunne skriva. Rett nok råka ein stundom på folk så langt fram som til 1900 som ikkje kunne skriva, og som då laut skriva under med påhalden penn – m.p.p., som det heitte, eller «holdt i pennen» – h.i.p., -når dei skulle skriva namnet sitt. Dei tok då pennen og leverte han til ein annan, som då skreiv namnet. deira. Mange hadde og lært seg å rekna sjølv.

I mange heimar hadde foreldra det på seg å læra borna både lesa og skriva før dei kom på skulen. Og mange var det som var trugne med å læra borna kristendomskunnskap heime. Det hende jamvel kring 1900 talet at det kom sjuåringar på skulen, som hadde lært heime dei 5 partane i katekisma og bibelsoga og dessutan ein heil del rekning. Dette er visst lite på mote nå lenger.

Tilsynet ved Tasta skule
Lova om tilsynsutval ved skulane er frå 26. juni 1889, så tilsynet har ikkje jubileum. Men mange viktige saker har vorte handsama i tilsyns- og krinsmøte, så det er på sin plass å ta med noko av denne soga og. Det er naturleg at det gjekk ei tid før tilsynet ved skulane kom i gang, for det var noko nytt, dette, at krinsen skulle ha noko å seia i skulesaker. Første åra er det helst valmøte som vert haldne. Kasper Eskeland var første krinsformannen, og på krinsmøte den 25. januar 1890 vart desse valde til medlemer: Nils Peder Johannessen, Øvre Tasta, Gabriel Byberg, Dusevik og Ole Bertinius Olsen, Nedre Tasta.

Den 4. april er det møte med sakshandsaming. Det er spørsmål frå skulestyret om det skal heita Tasta krets framleis. Det vart vedteke. Men «Forsamlingen udtalte sig enstemmig mod Forslag om at Nedre Stokke skulde høre til Tasta Kreds».

Same årt var § 74 i skulelova – om kroppsleg straff for skulebarn – føre på krinsmøte. Det vart mot 6 røyster vedteke at lærarane skulle få «adgang til at benytte den Straf på Børnene som Loven hjemler». Dei 6 røysta for at «Straffen på Børnene i Skolen skulde Ophæves».

I 1899 var det framlegg frå skulestyret om auka lesetid frå 12 til 15 veker i året. Vedtaket i krinsmøtet lydde slik: «Indvånere i Tastad kreds samlet til møde i skolehuset udtaler sin fulde tilslutning til skolestyrets forslag om udvidelse av skoleundervisningen fra 12 til 15 uger pr. klasse og vil med glede imødese at denne plan bliver gjennemført snarest mulig». Både dette vedtaket og ein søknad til skulestyret i 1903 om at det må tilsetjast ei lærarinne til ved skulen, viser at tilsynet har augo opne for det som gagnar skulen.

I 1905 søkjer tilsynet skulestyret om at det vert bygt ein fløybygning på skulehuset 1O,5 x 6 meter. Skulestyret sende saka tilbake med «henstilling» om at ein må sjå etter om det ikkje kunne vera råd å få 3 klasserom av dei to ein før har. Dette finn tilsynet «ikke at kunde anbefale og fastholder sin tidligere beslutning».

Omlag same gangen i sakshandsaminga var det i 1916 og 1917 då det skulle byggjast nytt skulehus. Saka var føre i tilsynet fleire gonger, og siste vedtaket som vart gjort, var grunngjeve: «Ovenpå vil man få store åbne rum; som kan indredes efter behovet. Under den ene ende vil man lettvindt få en kjelder som kan indredes til sløyd sal». Desse «åbne» roma er i dag 2 gode klasserom og skulekjøken, så tilsynet var framsynt.

Tomannspultane var sak i 1915. Det er spørsmål om det går an å laga dei om til einmannspultar. Det vart gjort vedtak om at ein skulle snakke med ein fagmann før noko vart gjort. Det har truleg ikkje vorte meir av det, og dei siste tomannspultane vart utskifte med einmannspultar no i år.

I 1918 er det kome skriv frå skulestyret om tilsynet vil seia si meining om tilsetting av skulestyrar. Tilsynet meinte «det vil efter vårt skjøn møte så mange vanskeligheter, at det gode som tilsiktes vil bli mere til skuffelse end til forbedring. Derimod finder vi os tiltalt ved tanken om oprettelse av skoleinspektør for hele sognet og tillader os at foreslå dette, da en sådan stilling ikke vil møte de lokale vanskeligheder, som en bestyrerstilling er ud satt for. En inspektør vil være til gavn såvel for den enkelte skole, som skolen i det hele».

Disiplin og orden har vore på saklista fleire gonger. I 1926 var det krinsmøte med foredrag av Jakob Vestvik om «Disiplin i heim og skule». Etterpå var det ordskifte, og dei 37 røysteføre som var møtt fram vedtok samrøystes af det skal vere 1 foreldremøte om året.

«Den 4. februar 1928 var 65 stemmeberiktige på Tasta samlet til kretsmøte for at protestere mot skolestyrets beslutning om at indskrenke tomleplassen for skolebarnene». Og med same sende dei dette tillegget til skulestyret: «Det henstilles at alle saker vedkommende Tasta skole oversendes tilsynet til uttalelse». I 1930 var skuledirektør Gjøstein til stades på krinsmøte og heldt foredrag. På same møtet vart det vedteke at ein skulle ha nytt møte og drøfta spørsmålet om lækjargransking av skuleborn. No utetter er det ofte foredrag på krinsmøta med pedagogiske emne.

Gymnastikken i skulen var føre på krinsmøte i 1938, og det vart samrøystes vedteke å senda søknad til skulestyret om ny gymnastikksal ved skulen. Liknande søknader er sendt fleire ganger sidan.

I krigs åra er det ikkje bokført noko. Tyskarane tok skulen, og born og lærarar måtte greie seg som best dei kunne i bedehuset.

Lærarane ved skulen viste alle god nasjonal holdning. Tilsynet hadde sine møte i det dulde. Etter krigen har tilsynet handsama mange viktige saker. Ein kan nemna påbygging av skulen, utvida leikeplass og nytt uversskur og sykkelstall. 7. juni 1946 var det stor flaggfest på skulen. Det var ei høgtidsstund då det nye flagget gjekk til topps.

På krinsmøte 27. januar 1948 bad formannen i til synet, fru Birgit Bø, om at alle måtte vera med å skaffe skulen ei fane. Alle var samde i det, og tilsynet vart pålagd å skipa til den første tilstellinga. Det var ikkje berre å skaffa pengane, men det var vanskeleg å få tak i det som trongst, og tilsynet hadde mykje arbeid med dette. Fru Signe Egeland, Brooklyn, skaffa silkeduk. Jakob Sjøthun teikna fana og Rebecca Olsen, Stavanger, broderte. Alt 15. mai 1949 var det innviingsfest. Det var mykje folk samla – og mange gjester. Ordførar Askeland heldt avdukingstalen. Enes var det fleire som hadde ordet, skuleborna song, og Johannes skole sitt musikkorps spela. Symbolikken i fana er «Solrenning over ungskogen», med «solfuglen» til toppstykke.

Den 15. februar 1948 vart det på eit krinsmøte gjort framlegg om å skipa foreldrelag ved skulen. Til å førebu dette vart fru Mydland, fru Olsen, Dusevik, Arne Jacobsen og O. Heitman valde. 6. oktober 1949 vart lovene for laget vedtekne og det vart valt styre. Formannen vart kasserar Per Hole, ei stilling han har hatt til i vår. Dei andre i styret vart B. H. Aspelund, fru Johanson, fru Tora Høie, fru S. Finnestad, Arne Jacobsen, Lidveig Eide og skulestyrar Lie.

Den første oppgåva laget sette seg føre å løyse, var musikkinstrument for guttemusikkorps. Interessen var stor, og på desse få åra har laget kjøpt for omlag 10,000 kroner i instrument. – Det var ein stor dag for foreldrelaget og skulen då borna frå Tasta marsjerte med eige korps og dirigent lærar Søreide i spissen til byen for å stilla opp til barnetoget den 17. mai 1952.

Foreldre1aget har hatt basar kvart år. Elles har det vore festar, tilstellingar og vanlege møte med godt program. Styret i laget er no: Helmik Valen, formann, fru Høie, fru Finnestad, fru Johanson, Arne Jacobsen, Rasmus Knudsen, Lidveig Eide og Nils Østerhus.

Samarbeidet mellom tilsynet og foreldrelaget har vore det beste. Og dette samarbeidet har ført til auka interesse for skulen i heimane.

I jubileumsåret er desse med i tilsynet: Fru Birgit Bø, formann, Kr. Malde, fru Margit Ottesen og Arne Jacobsen.

Gamle elevar fortel.
Ved Arne Jacobsen
SEVRIN FINNESTAD går i sitt 76. år, og ennå er han som ein glad skulegut. Han fortel:

«Eg begynte på Tasta skule i 1885. I skulehuset var det ei stova for skulen og ei stova og kjøken for læraren og huslyden hans. Læraren heitte Gustav Knudsen Værland. Det var tre klassar. Me kalte klassane for dei minste, dei mellomste og dei største. Me var 15-20 i kvar klasse. Tredjekvar dag gjekk me på skulen, for han Gustav var åleine om å skula. Skuledagen begynte med sang, deretter lekseoverhøring i bibelhistorie eller forklaring. Katekisme og A B C var berre for 1 klasse. Vidare hadde me rekning, skriving, sang og geografi. Før me gjekk heim song me eit salmevers. Me hadde ikkje pultar som nå, men lange benker med bord framføre. Så det blei nå så av og te med arbeidsro. Men Gustav heldt god disiplin, og me måtte vera lydige, elles kunne linjealå koma fram, og då så — Viss bodnå var uskikkelege, var han Gustav morske, og dei gjorde neppe gale ein gong te. Ferien var og kortare enn nå. Av høgtidsstunder minnest eg best den gongen bispen var i Hetland. Då fekk me gå til byen i vår beste stas, og vera med i kjerkå, og det var ikkje lite i dei dagar. Bodnå gjekk ikkje med lersko den tiå, å nei, tresko var gangtyet. Det ramla fælt når me gjekk ut, og det var ikkje alltid me fant dei rette treskonå helle,» fortel Severin og ler.

LARS E. LARSEN begynte skulen i 1883.

begynte skulen i 1883. «Ein gong eg ikkje kunne lekså i bibelhistorie, blei han Gustav morske og slo knuen i håve på meg. Det va ganske vondt. Han ville eg sko lesa lekså ein gong te. Men eg var vorten sinte og sa at det ville eg ikkje om han sto på håve Så sa han at dersom dette gjentok seg så ville han fortelja presten det under eksamen. – Det var heldig for meg at det ikkje blei meir av det. Og Gustav og eg blei rektig gode venner seinare og hadde ikkje fleire basketak. – Han Gustav va ligavel ein gille kar, om han kunne vera litt oppfarande somme tider. Me hadde mange gille stunder på skulen, og han Gustav va morosame ofta og fortalde småstubbar. Han la an på å vera goe venn med elevane. I det stora og beila hadde me det gildt på skulen. slutta Lars.

OSNUND BYBERG gjekk på Tasta skule i 1890. Han kan fortelja:

«Eg gjekk for Gustav Knudsen i 2 år, så gjekk eg for Vike i omlag eitt år. Resten av skuletiå mi hadde eg T. Lye til lærar. Me syntest at Vike va svært strenge i forhold te Knudsen. Han sa blant anna når han skreiv på tavlå: «- De må koma på det at eg har aue både i nakkje og panje.»

I 1894 flytta me øve i nytt skulehus. Lye kom då i det nya huset. Når han hadde den kvida trøyå på seg, va han ikkje te spøkja med. Men han likte å leika saman med bodnå. Vinterdagen kunne det bli hard snøballkamp, og Lye va med og hjelpte dei som trang det best. Eg hugsa ein reknetime me heldt på med eit stykke sam va noge innvikla. Ingen hadde likt svar. Eit par hadde fått det same som fasiten, men det hadde ikkje eg og ein annan. Så sa Lye at me måtte på tavlå, og eg måtte koma fram. Og då va det eg som hadde rett. Ein gong fekk eg karakter for song. Det totte eg va litt rart, for eg kunne ikkje syngja – eg hadde kje ein einaste tone. Då eg va vaksen, sa eg det til Lye at eg ein gong hadde fått karakter i song. Då lo han og sa at det va ikkje alltid så lett å få tak i kem så song elle ikkje.

Slik eg nå ser det etter eg er komen opp i årå, kunne eg hatt meir nytta av skulen om eg hadde brukt noge meir flid og arbeid,. men eg er takknemmeleg mot dei gamle lærarane for den kunnskapen eg fekk i den tiå,» seier Osmund Byberg.

Lærarinne Berta Molaug fortel.
Eg kom til Tasta hausten -1906. Før hadde eg vore 3 år i Klepp. Det var ikkje så lett å byrja på ein ny plass. Når eg stod framfor ein klasse første gongen, så kjende eg meg alltid så liten. Alle dei blanke barneaugo var i spaning vende mot meg, og eg tenkte på korleis eg vel kunne vera til signing for de. Det var gildt å vera lærar, men det fylgde eit stort ansvar med. Eg budde ikkje i kretsen, og eg kjende ikkje mange av foreldrene. Eg budde på Stokka, og i seks år gjekk eg langs vatnet til eg kom til Tastabekken. Så bar det opp ein bratt bakke, så over ei utmark, og så var eg på Tastavegen.

Eg fekk sjå så mykje fint i Guds skaparverk dei åra. Trea i Eskelandsskogen var små då, og det var gildt å sjå kor dei voks for kvart år. Sola glitra i småbylgjene på vatnet, eller dei brusa mot steinane når vinden bles. Bekken sulla og song, og oppe på bakken var det alltid vibereir om våren. Og viba ville jaga meg, så eg av og til kjende vengespissen på hatten.

Formannen i skulestyret i den tid var prost Aanensen. Seinare var det presten Otterbeck, og då eg slutta på Tasta, var det presten Skagestad, som seinare vart biskop. Lærarane var Nils Sjøthun og Paul Ledaal. Me vart gode vener, og det var ingen mislyd mellom oss. Då eg kom til Tasta, var det ingen som gjekk vakt i friminuttane. Stundom var me ute i skulegarden alle tre, gjekk att og fram og prata. Ungane sprang rundt oss. Om vinteren kunne det stundom verta snøballkrig. Eg hugsar eg vart forarga på ein gut som ikkje var med i krigen. Han stod og lurte ved veggen og sende stundom ein hard snøball etter dei andre. I det store friminuttet kl. 12 kunne dei som budde nærast skulen gå heim til middag, Sjøthun gjekk alltid heim, Ledaal og eg hadde mat med oss. Barna var ute eller inne med sin mat. Det var ingen som jaga dei ut. Eg kan ikkje hugsa at det hende noko gale. Jau, ein gong var det nokre som sprang rundt huset. To av dei støytte saman så den eine fekk lettare heileskaking.

Om sumaren når skuleåret var slutt, var det eksamen både for småskulen og storskulen. Då kom presten og skulestyreformannen til skulen, kanskje formannen i tilsynet og, men sjeldan nokon av foreldrene. Det var svært høgtidsamt. Barna måtte fortelja bibelhistorie, lesa i leseboka, rekna på veggtavla og syngja salmar og songar. Eg hugsar ein gong vi las om soga om Josef. Då fortalde eitt av barna om Pottifar og Pottimora. – Det var kona til Potifar. Eksamen var ein stor dag.

Elles er det mangt morosamt å minnast. Ein gong var dei små svært opptekne av ei gjente som var død. Me tala saman om Himmelen og englane. Fleire av borna hadde sysken som var døde, og dei var enige om at dei var englar i Himmelen. Ein liten kar rette opp handa og sa: «Me har ein engel heime, me». – Når det treffer så at eg ser den syster hans, kjem eg på den gongen bror hennar kalla henne dn engel.

I 1908 var eg på eit kurs for handarbeidslærarinner i Oslo. Med eg var der, flytte Sjøthun til Hetlandsmarka og vart klokkar i Hetland. Då eg kom heim, måtte eg ta timar i ein av dei store klassane, til den nye læraren kom. Dei store gutane tenkte visst at dei skulle gjera meg rådlaus. I den fyrste skrivetimen tok dei til å kasta papirlappar til kvarandre. Eg sette meg på kateteret og berre såg på dei. Såg eg ein som slutta å skriva, så sa eg berre namnet hans, og så var det snart slutt på den sjauen. Ein annan dag var det nokre av gutane som sat så nær veggen at dei kunne dunka hovudet borti. I friminutten trakk eg pultane lenger fram på golvet. Då borna kom inn, ville dei dra pultane inn til veggen att. Eg sa nei. Så var ein som ikkje ville lyda. Eg tok og riste han ein gong, så ein, gong til. Då lydde ban. Men det er det verste spennetaket eg nokon gong har tatt. Eg skalv så heile kroppen riste. Eg kjende det slik at fekk eg ikkje denne guten til å lyda, så gjekk det gale med heile klassen. Sidan hadde eg ikkje noko bry med dei . . . Men dei små hadde eg ikkje bry med. Dei var snile og gjorde seg flid med skulen.

Då eg flytte til Stavanger i 1923, fekk eg fin gave: To sølvskeier, gaffel og serviettring, og i øskja låg ein femtiøring. Den gøymde eg i mange år. Til slutt gav eg han til ein innsamling i «et veldedigt øyemed».

Til slutt ei helsing til alle eg hadde på skulen,

Berta Molaug

Fire år ved Tasta skole.
Av P. Ledaal
Tasta skole var til 1906 firdelt med en lærer og en lærerinne. Nå var imidlertid barnetallet økt så mye at skolen måtte femdeles. Det ble då utlyst en ny lærerpost med en klasse på Tasta, en klasse på Roaldsøy og 9 uker skole på Kalvøy. Jeg, som da vikarierte på Sandnes, søkte og fikk posten.

I skolebygningen på Tasta var det bare to klasserom, men det ble da innredet et loftsrom til den nye klassen. Her var høyden 90 cm opp til skråtaket. Det var fire takvinduer, og høyden på rommet var ikke større enn at jeg kunne stå på golvet og legge flate hånden opp i taket. Men golvflaten var stor nok, såvidt jeg husker 8 x 7 m. Opp til rommet gikk det en rett, smal og bratt trapp, Det var eineste adkomst til rommet, og jeg grudde mang en gang for hvordan det ville gå, dersom trappa skulle bli sperret i branntilfelle.

Så kom skoledirektør Skard på inspeksjon en dag. Da han kom opp i mitt klasserom, sto han lenge og bare så, målte høyden til taket, så på den bratte trappa og spurte om det ikke var noen annen utgang.

«Det er jo den reine rottefelle,» sa han, «Nei, dette går jeg ikke med på! Lag et riss over rommet med de nødvendige mål, og beskriv nøyaktig med trapp og adkomst og send det direkte til meg,» sa han til meg, «så setter jeg en frist for skolestyret til å bygge nytt klasserom. Dette er den reine ulovlighet. Her kan hende en katastrofe.»

Jeg var ikke sein med å etterkomme anmodningen og sendte det forlangte direkte til skoledirektøren. Ikke lenge etter kom direktørens skriv til skolestyret med min skisse og beskrivelse vedlagt, og med ordre om straks å gå i gang med bygging av nytt klasserom. Han ville legge ned forbud mot bruk av det gamle.

Skolestyret likte nok ikke dette, og formannen, A. Berge, uttalte sin store misbilligelse med at Ledaal hadde gått bak skolestyrets rygg med klage over klasserommet Sjøthun, som da var lærernes representant i skolestyret kunne imidlertid opplyse at det var etter ordre fra direktøren at jeg hadde gjort det på denne måte (han hadde sjøl vært tilstede og hørt på), og da ble jeg jo frikjent for anklagen. Imidlertid tok skolestyret direktørens skriv ad notam, og etter at den nødvendige bevilgning var gitt av herredstyret, ble det ført opp et vinkelbygg med en skolestue. Denne ble i 1910 høytidelig inn vigd av pastor Ottereck, som da var skolestyrets formann.

Men nå var barnetallet igjen økt så mye at det måtte Opprette en 6. klasse. Jeg fikk da hel post på Tasta og slapp de strabadsiøse turene til øyene. Sjøthun var imidlertid ansatt i lærer- og klokkerposten på Hetland, og P. Molaug kom i hans sted til Tasta. Personalet var da frk. Berta MoIaug, P. Molaug og P. Ledaal. Jeg har mange gode minner fra samarbeidet med disse dyktige og elskverdige kolleger.

Barna var så ualminnelig rolige og snille, så det var ingen vanskelighet med å holde disiplin. Det verste var å få dem til å snakke. De var så altfor blyge og tilbakeholdne. Men synge kunne de så det ljomet, særlig da vi fikk den nye skolestua, der det var så høgt under taket.

I 1910 ble jeg forflyttet til Kvaleberg, og min fireårige gjesterolle ved Tasta skole var endt.

P. Ledaal.

Tasta skole 1914

Tasta skole 1914

33 år i skulen påTasta.
Av Magnus Takle

Ein maidag i 1915 i strålande sol for ein framand huslyd vegen frå Stavanger til Tasta. Var komne i drøs med ei eldre kone, som kunne fortelja laust og fast om både eitt og hitt. Komne utfor Fjellsenden peika ho på eit lite kvitt hus ute i ein bakke og kunne fortelja at det var lærarbustad. Ja, der såg uneleg ut. Og uneleg var der. Det vart bustaden åt denne huslyden i 33 år. År som batt ein til staden med sterke band, som var vonde å slita. –

Tilværet i desse åra baud på mykje både hugnad og gleda både i skulearbeidet og i samvær med gode vener og grannar som ein etterkvart kom i nært hopehav med.

Skulen på Tasta var i 1915 seksdet og hadde 3 skulesalar. Lærarflokken var Danella Teigland, O. E, Pedersen Resi og Magnus Takle. Sekste og sjuande årsflokk gjekk saman, Men da barnetalet i dei andre klassane var kring 20 i kvar, vart sjølvsagt denne klassen sprengd, og skulen vart sjudelt.

Ja, då hjelpte ein seg ikkje med berre 3 skulesalar nytt skulehus vart bygt i 1918. At det og skulle vera sprengt berre 20-25 år seinare, var det knapt nokon i krinsen som drøymde om den gongen. Så det var vel noko for lettkjøpt eit syn når det seinare vart nemnt som kortsyn hjå dei styrande når det på så kort tid vart skort på skulerom, endå det må seiast at tilhøva med sløydsal alt frå først av var reint ille. Skuten i nordenden av huset, lang, smal og kald og lite høvande til sitt bruk. Og ulempa for arbeidet i dei to skulesalane vegg i vegg. Ikkje fekk dei som heldt til der vera sårnerva.

Noko likare vart det då sløyden vart flytt til høgloftet, men langtfrå vellaga eller lovleg. Jau, det er eit storskifte frå skuten til den nye, ljose og heilt tidhøvelege salen som no er komen.

Når ein er borte frå det alt, er det kjært å hugsa attende på alle dei gilde timar i skulestova då ein kjende ein hadde flokken med seg og nådde inn til djupna hjå kvar einskild. Det vog meir enn opp dei vonbrot som stundom melde seg, og ein stod att takksam for arbeidet ein fekk.

Gud signe Tasta og skulearbeidet der!

Magnus Takle.

Tasta skule i jubileumsåret.
Tasta skule er 100 år. Historisk sett er det ingen alder å snakke om; men det har hendt ein del desse åra. Skulen har levd og vakse frå den vesle stova i Lunden til det han er i dag. Den gongen var det ein lærar – 100 år etter er det 10 lærarar ved skulen.

Dersom vi kunne sett «åringane» på same måten som vi ser dei på eit avsaga tre, ville vi sett at ikkje alle år har skulen hatt det like godt. Vilkåra for vokster har ikkje alltid vore like gode. Men liv har det vore. Skulen har ættledd etter ættledd sett sitt merke i bygda, og vare med og spreidd lys. – «Hva solskinn er for den sorte muld, er sann opplysning for muldets frende –»

Den første skulen var nok ikkje så staseleg i det ytre. Heller ikkje ruvde han stort i landskapet. Men for dei som då levde, var han nok både vakker og gild. Kanskje det var dei som syntest at skulen var for fin – og at det vår formykje påkosta. – Seinare har det fleire gonger vore bygt og vølt, utvida og modernisert. Likevel, – Tasta skule har aldri vore ferdig. Og vi kan vel seia det slik: Ein skule er aldri ferdig. Livet går sin gang. Kvar tid har si livsform, og skal skulen vera i pakt med tida, må det alltid vera planar om noko nytt. SkuIen må til kvar tid vera ung og i vokster.

Tasta skule må kallast å vera ein heller stor landsskule. Det er 14 klasser med 333 born. Del siste åra har barnetalet auka med 20-30 for året. Det er 9 faste lærarar og ein timelærar ved skulen. Skulehuset er bra og har 7 klasserom, moderne skulekjøken, sløysal og ein fin og romsleg sal som vert nytta til handarbeid og naturfag Romet er likevel i snauaste laget. Nokre parti må bruke skulekjøkenet til handarbeid, og dagen må tøyast til klokka 15.

Tasta skole 1953

Tasta skole 1953

Dette året er leikeplassen utvida så han er omlag dobbelt så stor som før. Attåt det skal vi få ein fin grasbane til kroppsøving og handball. Nytt uversskur og sykkelstall for 100 syklar er nett ferdig. I samband med den utvida leikeplassen og idrottsbanen er det planar om skulehage. Skulen har, som dei fleste skulane i Hetland, 39 undervisningsveker i året med 15 timar for veka i 1.-3. klasse og 18 timar i 4.-7. klasse. Til dette kjem undervisning i engelsk, sløyd, handarbeid og skulekjøken. I 3. klasse har både gutar og gjenter handarbeid, men i 4.-7. klasse har gjentene handarbeid og gutane sløyd. Det er skulekjøken for gjenter i 6. og 7. klasse, men for gutane berre i 7. klasse. Engelsk er friviljug fag med 4 timar for veka i dei to siste skuleåra. Det er stor interesse for faget, og dei fleste melder seg til engelskundervisninga. Ein elev som har engelsk, får såleis 26 skuletimar for veka ialt.

Det er bra utstyr ved skulen. Vi har filmapparat og radioanlegg. Foreldrelaget har skaffa skulen fine instrument til musikkorpset. Undervisningsmidlane og det som trengst til undervisinga, må seiast å vera bra. Men det er mangt som vantar. På ein modell av skulen står gymnastikksalen oppe i bakken mellom lærar- og styrar bustaden, men han står dessverre ikkje i terrenget. Songrom, teiknesal og lesestove bør det og vera i ein skule i dag, Bad har vi heIler ikkje. Byen held på å veksa inn på oss, og det fører med seg krav om byskuleordning. Men til det trengst nye klasserom. Så her er oppgåver nok for dei komande år. Vi som arbeider i skulen, har god von om at dette kjem i tur og orden, for vi veit at dei styrande er klar over at det er ting som må til.

Tida vi lever i, set store krav til skulen. Det gamle ordet om at kunnskap er makt, har aldri vore sannare enn no det er. Kva framtida vil føra med seg, er det ingen som veit. Men skulen må til kvar tid prova å gi borna det beste – ikkje berre kunnskap, men oppseding så dei kan verta gode menneske. Det må alltid vera skulen si oppgåve å sjå etter at det er jamvekt mellom kunnskapen og hjartelivet.

«Som solen skinner i forårstid
og som den varmer i sommerdage,
all sann opplysning er mild og blid
så den vårt hjerte må vel behage.»
Måtte så Tasta skule i det komande sekel kjenna sitt ansvar!
Nils Østerhus.

Lærarpersonalet i 1952

Lærarpersonalet i 1952

Lærarinner og lærerar ved Tasta skole 1853-1953.

Då Tasta fekk fast skule, var det ein lærar Gabrielsen som gjekk over frå omgangsskulen til den faste skulen på Tasta. Han slutta i 1856. Så vart Olaus Olsen Eskeland tilsett og var i posten i 5 år. Han vart seinare ordførar, stortingsmann og odelstingspresident. Ettermannen hans vart K. Kyvik, som og var klokkar, men då det var tungvint å ha klokkarstillinga og bu på Tasta, vart han sett til lærar i HetIand (ved kyrkja).

Så kjem Gustav Knudsen Værland, som hadde posten frå 1866 til 1892. Han har fått det vitnemålet at han var ein trugen og flink lærar.

Dei som har hatt post seinare er:

T. Lye 1893-1906.
Anna Hovland 1893-1897.
Hanna Storm Nilsen 1897-1905.
Paul Ledaal 1906-1910.
Nils Sjøthun 1906-1908.
Berta Molaug 1906-1912.
P. Molaug 1908-12.
O. E. Resi 1910-
Olav Vatne 1912-1914.
DanelIa Teigland 1913-1923.
Magnus Takle 1915-1948,
Olai Hodnesdal 1921-1948.
Tora Hognestad 1923-1933.
Sigrid Gjersvik 1923-1928.
Sofie Hatløy-Pedersen 1937-
Hjalmar Vorrneland 1946-
Jofrid Aamot 1946-
Asbjørn Lie 1948-1951 – styrar.
Lidveig Eide 1948-
Kjell Søreide 1950-
Liv Ims-Osaland 1951-
Nils Østerhus 1952- – styrar.
Borgny Tollefsen 1953-

Elles har det vore fleire lærarar som har vore konstituerte, vikarar eller har hatt skule i andre krinsar attåt.

Flere artikler fra samme kategori: Uncategorized