Haustmøte i historielaget 28. oktober kl 19:00

Dato / Tid

28/10/2026
19:00 - 22:00


Beskrivelse

Historielaget ber inn til haustmøte onsdag den 28. oktober kl 19:00 i sangsalen på Tasta skule. Dagen etter, den 29., er laget sin 25 års dag, dette vil me og markera, med litt mimring på møte.

Som på åpningsmøtet i 2001, er det ein arkeolog som vil ta oss med bakover i tid på Tasta. Even Bjørdal ved Arkeologisk Museum (UiS) vil ta for seg det som er funne ved dei siste utgravingane på gardane til Eskeland og Aadnesen. Ny E39 vil rasera både desse og andre gardar på Tasta, og gravearbeidet vil starta i løpet av eit år.

Laget sine fysste 25 år vil me markera med litt bilder og tilbakeblikk på litt av det me har hatt føre både på møter og turar. Det vil bli god tid til drøs. Me vil denne kvelden servera smørbrød, og av den grunn ber me om påmelding, for å få eit anslag  på kor mange som vil komma.

Meld på innan 24. oktober til Tove Svela Madland, på sms 907 84 922, eller e-post [email protected]

Alle er velkomne, men me vil spesielt invitera dei som var med frå starten.

Helsing styret