Busetting i minst 2500 år på Tasta


Utgravingane på garden til Laurits Ådnesen (29/43) ved Tastatorget hausten 26, har gitt arkeologane på Arkeologisk Museum/UiS mange og nye funn. Det er den nye E39 som skal gå der dei nå har gjort funn. Historielaget vil ha foredrag om funna på haustmøte, der me og skal markera at laget er 25 år.

Historia må dokumenterast før hu forsvinn, og ved bruk av georadar visste arkeologane i forkant at det var ein høg konsentrasjon av kulturminne, sjølv om mengda har overasska. Det er funne spor etter busetjing heilt tilbake til eldre jernalder, altså 500 f.Kr. til 1050 e.Kr.

Blant dei mest oppsiktsvekkjande funna er det truleg ein keramikkomn frå eldre jernalder – ein raritet i norsk arkeologi.– og den kan ha både nasjonal betydning og internasjonal interesse. Det er og uvanleg å finna slike spor frå ein så stor variasjon i tidsepokar på same stad, Så langt har arkeologane dokumentert over 4000 kulturhistoriske spor. Dei har funne store langhus, fleire eldstader, smier og mange stolpehol som viser korleis bygningane var konstruerte. Dette gir eit sjeldan innblikk i både kvardag og handverkskunst frå jernalderen og mellomalderen.– Det er funne mellom anna funne to bryne, vevlodd, skar frå blekkhus, ei medisinkrukke, klebersteinkar frå ei gryte og ein flintskrapar,som peikar lenger tilbake enn jernalderen,den kan vera så mykje som 4000 år gammal. Den stammar truleg frå sein steinalder eller tidleg bronsealder.

Det betyr at området har vore attraktivt for menneske i lang tid, Det var ikkje venta å finna store mengder funnmateriale, då materiala frå vikingtida og mellomalderen ofte bestod av tre, skinn, tøy og tekstil av ulike typar, som har gått i oppløysing for lenge sidan, medan det ein kan finna meir av er derimot gjenstandar av jern, stein og keramikk, det er jo summen av alt som er funne som kan seia noko om kva som har skjedd før, og dermed gi ei heilskapleg forståing av den arkeologiske viktigheita, og funna kan bidra til ny kunnskap om overgangsperioden, og mellom vikingtid og mellomalder – ei tid best kjent gjennom sagaene. Gjennom arkeologi kan dette dokumenterast gjennom fysiske spor og dermed bidra til å auka kunnskapen om denne perioden. Det er ikkje ofte at funn frå fleire ulike epokar samla på ein stad som er så godt vareteken, men det er ein grunn til at dei har oppdaga fleire tidsepokar:

Det er ein strategisk stad, med flott utsyn både til sjøen og innover land. Det er lett tilgang til sjøen i Dusavik, og ferskvatn frå Stokkavatnet, og det er ein godt drenert flate og godt jordsmonn. Tasta har då vore ein god plass å bu i lange tider, kan me vel konkludera med?

Flere artikler fra samme kategori: Fornminner

  • Litt om Tasta

    I nord og vest grenser bydelen Tasta til Randaberg kommune.Grensa følgjer det gamle skiftet mellom gardane Finnestad, Høye og Nedre Tasta i Stavanger og gardane Lcikvoll, Håland,Goa og Rygg i Randaberg. I sør følgjer g...

    Les Mer

  • Utgravingene på Tastarustå

    Fra utgravingene på Tastarustå Hei Bedre sent enn aldri. Her kommer endelig noen bilder fra Tastarustå. De er scannet inn fra rapporten vår. Det blir kanskje litt "tekniske" bilder, men det er slike registreringer vi gjør. Når Arkeologisk museum...

    Les Mer

  • Fra utgravingene på Rudlehaugen

      Fra utgravingene på Rudlehaugen Kilder: Rogaland Fylkeskommune.              Margit Randeberg Høye Vedlegg:   1. 

    Les Mer

  • Risen – Tasta

    Tasta. Forfatter Bjørn Utne I nord og vest grenser bydelen Tasta til Randaberg kommune.Grensen følger det gamle skifte mellom gårdene Finnestad, Høye og Ne...

    Les Mer

  • Utgravninger hos Sigmund Aartun

    Mye har dukket opp på Tasta hos Sigmund Aartun. I forbindelse med utviding av Kverneviksveien har arkeologisk museum i flere måneder drevet en utstrakt utgravning og gjort flere interessante funn på eiendommen til Sigmund Aartun ( rett bak Gabba), ...

    Les Mer