Sommartur til Sauda


Lørdag 17. juni 2023 hadde laget sin tradisjonelle midtsommarstur, dette året til Sauda.

Me reiste inn via Ryfylkevegen, i det flottaste sommarvær, og kom til Folkets Hus midt på dagen, der Sauda sogelag tok imot oss og var med på turane rundt i bygda. Me starta med busstur til Rådhuset, Høllandsfossen, Brekke, der me hadde stopp og fekk flott informasjon om det me såg, vidare om Kastfoss, Birkeland, ned til Stasjon III og fabrikken.

Etter dette ein rusletur i nedre del av Åbøbyen med Wergelandsveien, Grand Kolonial og Sauda Klubb. Vidare med buss til øvre del av Åbøbyen og Tennisbanen, Fløgstad skule, Kongsveien, Haakonsgata og Sneath`s Park, med flotte blomster og buskar som dugnadsgjengen holde i stand.

Turen enda i Folkets Hus, som nå er freda, der me i Storesalen fekk høyra historia til huset og historier frå alt som hadde blitt arrangert der opp gjennom åra. Filmen “Slik begynte det: Frå jordbruk til industri” fekk me og sjå, der meir enn hundre års historie blei vist på 4 minutt.

Til sist, etter å ha takka sogelaget for eit flott opplegg, hadde me ein flotte middag i Kraft Kafè, som er ein del av Folkets Hus. Returen til Tasta gjekk så via Vindafjord, Tysvær og Bokn, så me fekk me oss mange idyllar frå det fina fylket vårt.

Flere artikler fra samme kategori: artivitet

  • Julamøte i 23

    Med Julekveldsvisa av Alf Prøysen som åpning, blei julamøtet gjennomført den 13.12., på Lucia-dagen. Eit halvt hundre medlemmer var med denne flotte vinterkvelden, og Shantykoret underholdt med både shanties før maten, og meir tradisjonelle sjømannssongar, til minne om "...

    Les Mer

  • Vandring på Arkeologisk Museum

    Tirsdag 5. september, 2023, hadde me omvisning på Arkeologisk Museum med ein formidlar som fortalte om funn i distriktet, med spesielt blikk på det dei har funne på Tasta. Dette er dokumentasjon på at det har budt folk her i åravis. Hu kunne ikkje akkurat sei på kvifor ei...

    Les Mer

  • Vårmøte 19.april 2023

    Tradisjon på vårmøtene: Alle syng "No livnar det i lundar", slik også i år. Rådgjevar i Redningsselskapet (NSSR), Tarjei Låstad Sandnes, fortalte oss historia til Redningsselskapet, som blei starta i 1891. Han presenter...

    Les Mer

  • Vårvandring til Byhaugen

    Den 10. mai 2023 hadde med vandring til det som var eit utsiktspunkt i byen. Geir Magne Sande fortalte om "Dåsa-John og familien på Byhaugens topp", som var ei interessant historie. han ba og om å få sei litt om skuta "Seladon" og forliset i Stillehavet,

    Les Mer