Bygdebok for Tasta


Tasta var ein del av Hetland, som var ein landkommune fram til 1965, då Hetland, -Riska, og Madla kommune blei innlemma i Stavanger. Bygdabøker hadde dei fleste kommunane, og Hetland hadde ei bygdaboksnemnd etter krige og framover mot 60-talet, men denne blei avvikla når kommunen blei ein del av byen. Etter den tid har ein prøvd fleire gonger å få gitt ut ei bygdabok for Hetland, men det er ikkje blitt realisert noko før nå dei siste åra.

Det er rett nok ikkje ei fysisk bygdabok, eller bøker, men ei interaktiv løysing, der me nyttar nettet som fundament for boka. Historielaga i Stavanger, saman med Universitetet på Ullandhaug (UiS), litt hjelp frå kommunen, og med den digitale plattforma Lokalhistoriewiki frå Norsk Lokalhistorisk Institutt (NLI), eit underbruk av Nasjonalbiblioteket, som staden der me legg inn stoff, bilder og kart.

Det starta i det små, med å få til ei bygdebok for Tasta, men etterkvart som arbeidet gjekk fram, blei det både Hetland, Madla, Riska og Stavanger før 1965 som nå er “beingrinda” i den interaktiva boka. Over 50000 adresser; gate, vei eller matrikkel er søkekriteriet for å finna sin eigedom.

Den offisielle starten på det heile var den 5.november 2022, med åpning av ordførar Kari Nessa Nordtun, og med helsing frå nasjonalbibliotekaren, siddisen Aslak Sira Myhre. Historielga i bydelane er ansvarlege og koordinerande for sin krets, men tilgang til Lokalhistoriewiki er opne for alle, ein må berre registrera seg. Aktiviteten er relativt stor og omfattande, men det er mykkje stoff og artiklar som står att å legga inn. Fordelen med ei interaktiv bygdebok er at korrigeringar og tillegg kan gjerast kva tid som helst, og det er inga grense i sidetalet.

Det er så opp til oss alle å vera med på denne lokalhistoriedugnaden, der alle kan legga inn stoff og bilder om sin eigedom. Dette kalles og for folkeforsking, og med kurs og informasjon, vil me etterkvart få ein flotte dokumentasjon over eigedomane, der den enkelete legg inn det ein veit og kan. Me vil og ha med hendingar og historier etter mønster av “Det sit i veggane” som går på TV.

Her er litt meir informasjon å finna:

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bygdebok_for_Hetland_og_Madla#Hjelpesider_for_folkeforskere
https://www.stavanger.kommune.no/kultur-og-fritid/kultur/bli-med-pa-lokalhistoriedugnad/

Flere artikler fra samme kategori: Folk og Gårder